Dette er Nemaslug – og slik bruker du Nemaslug til å bli kvitt brunsnegelen

Nemaslug inneheld nematoder som er små gjennomsiktige rundormar på ½ mm lengde som kun angrip sniglar. Nemaslug er heilt ufarlig for menneske og dyr. Nematodene lever i samspel med ein bakterie, og det er denne bakterien som drep brunsniglen. Nematodene søkjer aktivt etter sniglane og invaderer sniglen via pusteholet på sida av den utposningen som kallast ryggskjoldet. Under ryggskjoldet oppformerest nematodene og ryggskjoldet  får ein hevelse. Etter 10-15 dagar døyr sniglen og etter 3 veker forlet så nematodene den uttørka sniglen og søker aktivt etter nye sniglar å infisera. Normalt fungerer nematodene best i temperaturområdet 5-20 grader og kan brukast ute i den frostfrie perioden mellom mars til oktober. Det er viktig at nematodene ikkje utsettes for direkte sollys og at ein unngår uttørking av nematodene.

Nemaslug kjøpes på hagesenter, blomsterbutikkar eller hjå Gard gartneri. Pris kr 300,-
/ kr 600,- pr pakke. Dei fins i små pakningar med innhald på 12 eller 30 millionar nematoder. Dette er ei ferskvare med holdbarhetsdato og må oppbevarast i kjøleskap.

Bruksanvisning

  1. Bland innhaldet av heile posen (eller i tredagars-porsjon til 5 liter vatn) i ein stor behaldar på 50 liter kjølig vatn.
  2. Sett blandinga kjølig, i skygge og med lokk over. Utblanda har det kort holdbarhet (2-3 dagar). Rør godt om slik at nematodene ikkje bånnfell. Det er viktig med god omrøring av blandinga kvar gong du skal bruka den.
  3. Lag 3-5 stasjonar med papptalerkenar rundt omkring i hagen din alt etter størrelse og angrep. Sett opp ei plate (tre/stein) på skrå for å beskytta mot regn og fuglar. Eller legg det i skjul under terrasse eller liknande. Sniglane finn alltid fram!
  4. Første gangen dypper du oppskornen frukt av eple, appelsiner, kiwi, bananer … i Nemaslug-blandinga og fordeler på stasjonane. Seinare heller du litt Nemaslug-blanding over frukta kvar dag. Fyll på med oppskoren frukt etter behov.
    Kraftfór er også godt som blandemiddel. Lag det som ein tjukk graut og bruk det i staden for frukt.
  5. Observer at brunsniglar kjem og forsyner seg av frukt eller brunsneglar. Etter kvart vil dei døy og bli oppetne av andre brunsniglar og dermed redusera bestanden av brunsniglar. Ikkje fjern daude brunsniglar, dei er fulle av nematoder som skal over i friske sniglar!

Er det noko du lurer på?
Ikkje nøl med å ta kontakt med Jostein på Gard Gartneri 90 05 92 81 eller mail til jostein@gardgartneri.no