Plantene sine fire elementer for god vekst

• LYS  Godt lys er viktig for at plantene skal veksa og trivast.  For best mulig utbytte av sola er det viktig at dyrkningstaden er mest mulig sørvendt. I juni og juli kan det for enkelte planter bli for mykje lys og varme i solveggen. Ved dyrking av planter i veksthus er det viktig at plast eller glass er reine.

• TEMPERATUR  Mot sør varmes jorda tidlig opp om våren og held lengst på varmen utover hausten. Planter må ha ein minimum temperatur på 8-10 grader for å utvikla seg. Ved såing og i småplantestadiet er 18-22 grader optimal temperatur. Oppal av småplanter må derfor foregå innendørs. Det være seg vinduskarm, plantebenker eller veksthus. Normalt treng småplantene 60-90 døgn fra såing til planting. Omplanting bør skje etter behov. Skal ein planta i midten av mai, ja då  er kunstig oppvarming og ekstra lys heilt nødvendig. Ved planting i midten av juni kan ein lage småplanter under plast/agryl.

• LUFT Det er vanlig å tru at låg temperatur ødelegg plantene. Men i kombinasjon med vind er plantene virkelig ille ute å kjøre. Derfor er det viktig at plantene ligg i le for vind. Alternativer er å beskytta plantene kunstig ved hjelp av agryl, plast, nett, eller helst  setja opp levegg. Lufta over bakken er ein ting. Men plantene skal også ha luft til røttene. Derfor er det viktig å ha ei jord som er luftig med god struktur. Jorda må alltid spas om før planting. Den må væra passe fuktig slik at det er plass til både luft og vatn.

• VATN Vatn er plantenes gull!
Ein kan vatne ved bruk av spredar, dryppslange,  siveslange, vatnekanna.
Ei naturlig god vatning bør tilsvara 20-30 mm nedbør. Dvs. 2-3 liter vatn pr m2.
Tilføring av næring ved vatning – kunstgjødsel /naturgjødsel.

Sjå også småtips