Alstromeria (lat. Alstromeria inticancha) kjem opprinnelig frå Andesfjella i Sør-Amerika der dei veks vilt. Alstromeriaen kan overvintra ute i bed med overdekke. Står dei i krukker må dei tas inn. Legg merke til blada som snur seg 180 grader. Eit utall av fargar.

Vekst: Opprett vekst, 30-50 cm høg.

Plassering: Trives best i sol og halvskygge.

Bruk: Bed, krukker (25-35 cm).

Vatning: Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling: Næringskrevande. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker og kassar.

Stell: Fjern gamle blomster og tynne stilker. Det vil gi blomster heile sesongen. God til snittblomster.

Leveres i:  20 cm potte

 

BACOPA  SCOPIA

Vekst:                Hengande vekst.

Plassering:       Trives i sol og halvskygge. Gjerne lunt.

Bruk:                  Bed, krukker, blomsterkasser og amplar.

Vatning:           Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling:         Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker, kassar og amplar.

Stell:                   Sjølrensande, men fjern gamle blomsterstilker av og til.

Ei plante som egnar seg best til å henga. Passar godt til sammanplanting med andre. Fin til bunnplante i krukker med oppstamma planter. Fins og i lilla, blå og rosa nyan

BEGONIA  FREILAND

Vekst:                Tueform, 20 x 20 cm.

Plassering:       Trives best i sol, dels skygge

Bruk:                  Bed, krukker og blomsterkasser. Vent med utplanting til temperaturen er over 10 grader.

Vatning:            Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling:         Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker og kassar.

Stell:                  Sjølrensande.

Freiland har god værtoleranse og ein svært god erstatning for Betulia. Litt større blomster enn Betulia. Eignar seg godt til kyrkjegardar.Begonia Freiland Rondo

DAHLIA  DALINA MAXI,    GEORGINE

Vekst:                Opprett vekst, 45-70 cm høg, buskaktig.

Plassering:        Trives i sol, halvskygge, tåler godt varme og liker best å stå lunt.

Bruk:                  Bed, store krukker.

Vatning:           Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling:         Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker.

Stell:                   Fjern gamle blomster, det stimulerer vidare blomstring. God snittplante.

Store flotte blomster i mange fargar. Knollane kan tas inn om hausten.

Dahlia Maxi Tesie.jpg2

 

DAHLIA  HYBRID  MYSTIC

Vekst:                  Opprett vekst, 45-70 cm høg, buskaktig.

Plassering:          Trives i sol, halvskygge, tåler godt varme og liker best å stå lunt.

Bruk:                   Bed, store krukker.

Vatning:              Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling:           Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker.

Stell:                    Fjern gamle blomster, det stimulerer vidare blomstring. God snittplante.

 

Mystic serien kjem frå Australia og er ein spennande og forholdsvis ny. Flott glinsande og mørkegrønt bladverk. Knollane kan tas inn om hausten.Dahlia Mystic Illusjon1

DIASCIA  BARBERAE  -  TVILLINGBLOMST

Vekst: 25 cm, ofte hengande

Plassering: Trives i sol, halvskygge. Tøff plante som tåler både kulde og vind.

Bruk:  Ampel og bed.

Vatning: Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling: Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker.

Stell:  Fjern gamle blomster, det stimulerer  til vidare blomstring. Klypp gjerne planta tilbake og resultatet blir ei ny og frodig blomstring.

Diascia kan overleva  ute i milde vintrar. Navnet tvillingblomst kjem av to tappar under blomsterkrona.  Rosa, kvite, raude og orange nyansar.

EUPHORBIA  DIVALI

Vekst:                Opprett vekst, 15-25 cm høg

Plassering:       Trives best  i full sol, halvskygge. Bør stå lunt.

Bruk:                  Krukke, gjerne plassert på eit hagebord

Vatning:           Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling:         Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel .

Stell:                  Sjølreinsande

I slekt med julestjerne, kvit plantesaft. Småblomstrande gjennom heile sesonge.

GERBERA  GARVINIA ,  HAGEGERBERA

Vekst: Opprett vekst, 40 x 40 CM

Plassering: Trives best  i full sol, halvskygge. Bør stå lunt. Tåler temperatur  frå heilt kaldt til varmt.

Bruk: Store krukker. Også bedplanting, men det må vera ein god og lun plass.

Vatning: Regelmessig, unngå uttørking.

Gjødsling:  Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel .Viktig for å bevara friskt blsdverk.

Stell:   Fjern visne blomster pluss stilk etter kvart.

Gerbera veks vilt i Sør Afrika som staude, og vil også overleva ute i Norge ned mot minus 5 grader. Ny i Norge som hageplante frå 2011. Utrulig blomsterrik og i fleire friske fargar.

HEUCHERA  KIRA, Alunrot

Vekst:   Låg bladvekst på  10-20 cm, mens blomsterstilkene strekkjer seg opp mot 50 cm.

Plassering:   Trives best i full sol, men og litt skygge.

Bruk:          Bed, krukker og blomsterkasser. Gjerne i samanplantingar

Vatning:     Regelmessig, unngå for mykje vatn.

Gjødsling:     Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker og kassar.

Stell:     Fjern gamle blomster. God snittplante.

Heushera er ei staude som overvintrar i dei fleste tilfeller. Fargerikt bladverk og lange, tynne blomsterstilker.

HYDRANGEA MACROPHYLLA       HORTENSIA

Vekst:    Buskete vekst, frå 0,5 – 3 meter alt etter alder.

Plassering:   Trives best i full sol, men og litt skygge.

Bruk:    Bed og store krukker

Vatning:    Regelmessig,må ikkje tørke ut, unngå for mykje vatn. God drenering

Gjødsling:   Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker. Surjordsplante.

Stell:       Fjern gamle blomster. God snittplante, dypp stilk i kokande vatn. Sett så i vase.

Sur jord (låg pH) gir blå blomster og alkalisk jord (høg pH) gir rosa blomster.

Hortensia kom til Europa frå Asia  i 1769. Den fins mange ulike fargar og variantar, frå små potteplanter til store buskar og klatrande planter. Hortensia setter knopp om hausten som blomstrar neste år.

IMPATIENS  NEW GUINEA,   FLITTIGLISE

Vekst: Kraftig vekst, glinsande blad, 40×40 cm

Plassering: Tåler full sol, men gjerne litt skygge i løpet av dagen.

Bruk:   Bed, krukker  og kassar.

Vatning:   Impatiens er storforbrukar av vatn. God drenering

Gjødsling:   Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i krukker og kassar.

Stell:   Fjern gamle blomster.

Impatiens bør ikkje plantast ut før temperaturen overstig 10 grader. Eit utall av fargar og variantar. Tåler godt regn

Impatiens New Guinea  Logia

 

LAMIUM   MACULATUM,  FLEKKTVETANN

Vekst: Krypande vekst, god dekkplante

Plassering:    Greier seg både i sol og skygge. Mest blomstring i sol.

Bruk: Bed, krukker, amplar og kassar.

Vatning: Regelmessig vatning. Må ikkje tørke ut.

Gjødsling: Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel.

Stell: Fjern gamle blomster. Greier seg sjølv.

Lamium er ei staude og vil i dei fleste tilfeller overvintre som grøn plante. Brokete blad, litt sterk lukt nærme.

LAVENDER  LAVEANNA,  LAVENDEL

Vekst:   Opprett  vekst, 20-40 cm

Plassering:    Solplante

Bruk:   Krukker

Vatning:    Regelmessig vatning. På den tørre sida, men ikkje tørke heilt  ut.

Gjødsling:   Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel.

Stell: Fjern gamle blomster. Greier seg sjølv.

Lavendel er ei flott plante med god lukt. Bør plasserast med god luft ikring seg. Lett for å bli angrepen av sopp ved for tett planting.

Argyranthemum – Margeritt

Vekst: Opprett, 30-50 cm
Plassering: Trives i sol, halvskygge
Bruk: Bed, urner og blomsterkasser
Vanning: Regelmessig, unngå uttørking
Gjødsling:  Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel i urner og kasser
 
Stell: Fjern gamle blomster ettersom de visner

Argyranthemum frutescens, hvit margeritt, er en av de mest solgte sommerblomstene i Norge. Sorten som brukes mest heter «Dana», og er kjent for sin gode værtoleranse og kontinuerlige blomstring. En sikker suksess!

OSTEOSPERMUM  -  SPANSK  MARGERITT

Vekst:  Opprett  vekst, 20-30 cm høg

Plassering:   Trives best i sol, men tåler godt kjølig vær og nedbør

Bruk:    Bed, krukker og blomsterkassar.

Vatning:   Regelmessig vatning. Unngå uttørking.

Gjødsling: Regelmessig. Bruk gjerne langtidsgjødsel.

Stell:    Fjern gamle blomster. Det stimulerer til meir blomstring.

 Spansk margeritt er eit litt misvisande navn sidan planta opprinnelig stammar frå Sør-Afrika. Derfor kallast den gjerne Cape Daisy på engelsk. Stort fargeutvalg.Osteospermum Cape Daisy Kalanga Rosy

 

POTTENELLIK

 Vekst:  Opprett  vekst, 20-50 cm høg

Plassering:  Trives best i sol, men tåler godt kjølig vær. Alt frå 0 – 30 grader

Bruk:  Bed, store krukker og blomsterkassar. Nøysomme planter, men plant fleire saman for å hindra uttørking.

Vatning:         Regelmessig vatning. Hold på den tørre sida

Gjødsling:      Regelmessig. Relativ næringskrevande. Bruk gjerne langtidsgjødsel.

Stell:       Fjern gamle blomster. Det stimulerer til meir blomstring.

Nellik er delt inn i to grupper. Duft- god lukt og halvstore blomter. Pryd- små og enkle blomster. Lite lukt. Veldig rikt utval i fargar

Stijl: "Neutral"