Reidun og Jostein Gard på Talgje kan det med å få ting til å gro, til å leva og strutta.
I drivhuset veks 700 vakre planter og blomar av ulike slag, men dei kjæraste blomane
til Jostein og Reidun er sjølvsagt dei fire barna og sju barnebarna.
Og kjærleiken? Ja, den blømer den og
.

Jostein har vore gartnar i heile sitt vaksne liv – slik far hans var før han. Reidun kan det ho og.
Oppvaksen som ho er på Gjennestad Gartnerskule i Vestfold. Saman driv dei eit stort og triveleg
familiegartneri på Talgje.

Det var på Gjennestad dei møtte kvarandre. Jostein kom der som ung student i 1970.
Reidun var dotter til ein av grunderane bak gartnarskulen.

-Så heite ho Hagetrø til etternamn. Det passa jo bra, ler Jostein. Paret gifta seg i 1982 og slo seg ned på Talgje.
Garden ligg vakkert til i Gardsvågen, og har vore i Jostein sin familie sidan 1696. Han og Reidun er 10. generasjon
som driv bruket. Dei tok over etter far til Jostein, Nils Gard,  på slutten av 70-talet. Då hadde Nils drive
sidan 1932. Og gartneriet, ja, det blømer. Ein fargesprakande oase på over 2000 kvadratmeter – under tak.
Og meir skal det bli. Jostein og Reidun har planar om å utvida.

-Me skal byggja ut, me ynskjer òg å bruka gartneriet til ulike arrangement, som firmafestar, fødselsdagfeiringar
og konsertar, seier Jostein, som er over snittet historieinteressert i historie generelt og i den gamle
steinkyrkja på Talgje generelt. Han har lenge hatt guida turar der han fortel om kyrkjas
mangfaldige historie.

– Det er berre å ta kontakt, så kan me skreddarsy eit opplegg.

Velkommen til Talgje!

 

Våre åpningstider:

Mandag – fredag kl 9. – 20.

Laurdag kl 9. – 18.

Søndag kl 13. – 20.

 

Følg oss på Facebook: gard gartneri