Talgje-turen 2014

Talgje er den øya som ligg lengst sør i Finnøy kommune, med sine omlag 180 innbyggjarar blandt kyr, sauer, tomater, blomster. Dette er ei øy full av spennande historie langt bak i tid.

Me tilbyr følgjande besøks-program (varighet omlag 2 timar)

Talgje Kyrkje er ei av dei eldste og minste steinkyrkene i Norge frå år 1140. Her får du høyra historier om mektige adelsmenn, sjørøvarar og utvandringar til Amerika. Baron Gaute frå Tolga, Gard Toresson, Helliga Birgitta og riddar Olav Nilsson er velklingande navn.
Ca 30 min guiding. Guiding kr 350,- pluss kr 20 pr person.

Gard Gartneri, familiegartneri på 3500 m². Sjå og kjøp sommerblomster i alle forskjellige sortar, fargar og mixar. Tidsrom april – juli. Her kan du få kjøpt kaffi, kaker, brus, is og tomater.

Tidsrom for turar: heile året, men mest aktuelt fra midten av april til slutten av august. Alle dagar, dag- og kveldstid.

Turstiar: 15 km godt merka og tilrettelagde turstiar. Etappevis på 2-3 km.

Ein del grupper har spurt etter gudstenester i kombinasjon med guiding i kyrkja.
Gudstenester våren 2013 ser slik ut: 3. februar, 3.mars, 7.april, 28. april, 19.mai, 23. juni, 28. juli og 25. august

Servering av mat kan de ordna på ein av desse plassene (ta kontakt sjølv):

Anker Gaard på Talgje (kveldsarrangementer, 30-80 personer) Tlf 92 42 76 02 (Vidar)

Landaloftet på Finnøy, Tlf 90 59 28 88 (Nils Petter Flesjå)

Utsyn Ungdomssenter på Finnøy, tlf 95 22 63 55 (Inger Steinsland)

Fjordbris Hotell på Østhusvik, tlf 90 87 67 07 (Kjetil Mehus)

Sjøberg ferie på Østhusvik, tlf 51 72 00 90 (Kai Risa)

Utstein Kloster Hotell på Mosterøy, tlf 51 72 01 00 (Heidi)

Transport: Egen bil/ buss transport til Talgje gjennom Finnfast, eller bestill buss gjennom Finnøy Buss tlf 51 71 08  40 eller gjennom Sverre Haga v/Koll  41 63 40 00

Verdt eit besøk:

Det er verdt å ta turen rundt Finnøy (ca 21 km) og besøkja Sølvsmeden på Finnøy
tlf 99 24 64 08

Utstein Kloster (Mosterøy): Norges best bevarte kloster fra år 1250