Mykje meir enn blomar

Skal du feira rund dag- eller kanskje halvrund? Planlegg du eit jubileum,
eller kanskje firmafest? Har du lyst på ein guida tur på dei vakre øyane i Ryfylke?
Då vil me gjerne hjelpa deg. Gard Gartneri er nemleg mykje meir enn blomar. 

Gard Gartneri er eit stort og triveleg familiegartneri på Talgje, her er du velkommen til å handla
sommarblomar, heile 600 ulike sortar. Eller du kan ta deg ei fredastund i den romslege sofakroken
med kaffi og is – medan borna leikar i sandkassa.
Og har du planar om fest av noko slag, kan me hjelpa deg med det og.
Me har arrangert runde dagar, firmafestar, ja, til og med konsertar i drivhuset vårt.
Her kan me dekkja langbord til mange, bordpynten plukkar du sjølv frå planteradene. 

Ta kontakt, så skreddarsyr med et opplegg for DEG!
For me er mykje meir enn blomar! 

Program

Etter maten kan du ta deg ein tur på tilrettelagde løyper i det vakre kulturlandskapet på Talgje.
Beitande sauer på grøne enger, gamle naust i lune viker.

Er du historieinteressert? Ja, då er du ikkje aleine. Jostein er over snittet interessert i historie generelt,
og den gamle steinkyrkja på Talgje spesielt. På Finnøy finn du Cleng Peerson-huset, kor den store
amerikapioneren budde, du finn Hesby kyrkje, ei vakker middelaldarkyrkje i stein frå 1200-talet.
Heilt nord på øya held sølvsmed Folke Helle til. Her kan du handla i butikken og få omvising i eit aktivt,
tradisjonelt og familiedrive sølvsmedverksamd.

På Talgje finn du ei av dei eldste og minste steinkyrkjene i landet – frå år 1140.
Her kan Jostein Gard fortelja historier om baron Gaute frå Tolga, om Helliga Birgitta av Vastena
og riddar Olav Nilsson. Berre for å nemna noko. På Talgje ligg også Fiolen Familiepark
som ein Noahs ark med dyr av mange slag; kalvar, griser, lama, hest, sauer, esel, reinsdyr,
geiter, kaninar, høns og påfugler. Eit eldorado for dei minste.

Lengre vest i Boknafjorden ligg Rennesøy med sine mange vakre øyar.
På ei av desse, Mosterøy, finn du Utstein Kloster, det einaste bevarte middelalderklosteret i Norge.

Vel verd eit besøk!

Transport

I 2009 blei både Talgje og Finnøy knyt til fastlandet med undersjøisk tunnel.
Du kan køyra sjølv, eller sitja på med Finnøy Buss eller Sverre Haga.
Kanskje føretrekk du å reisa sjøvegen?

Det går hurtigbåtar i rute frå Stavanger (Kolumbus),
eller du kan leggja opp ein tur med Rødne Fjord Cruise tlf. 51 89 52 70.

Eigen bil/ ditt lokale busselskap eller busstransport gjennom Finnfast:
Finnøy Buss AS tlf  51 71 08 40
www.finnoybuss.no

Sverre Haga v/Koll tlf  41 63 40 00
www.hagabuss.no

Mat, servering og overnatting

Mat kan du ta med sjølv, eller du kan nytta ein av våre dyktige samarbeidspartnarar
som står klar til å levera framifrå rettar av alle slag. (Ta kontakt sjølv)

Landahuset på Finnøy held Ryfylkekokken, Frode Selvaag til. Ein triveleg og dyktig kokk
som saman med kona Cathrine driv alt frå underholdning til catering, dei også eige serveringslokale.
Landahuset AS, Finnøy v/Cathrine Selvåg. Mob: 905 36 673
Facebook: Ryfylkekokken

Sissel Marie Bjerga på Utsyn Misjonssenter på Judaberg er ikkje mindre
triveleg – også ho lagar god mat.
Utsyn Misjonssenter, Finnøy V/Sissel Marie.
Mob: 952 26 355, www.utsynmisjonssenter.no

På øya Sokn i Rennesøy kommune, finn du Tommys kjøkken.
Her blir det servert tradisjonsrik mat av mange slag.
Tommy`s Kjøkken, Bru v/Tommy. Mob: 414 64 269
www.tommyscatering.no

På Østhusvik på Rennesøy ligg Fjordbris Hotel på tuftene det gamle handelslaget
i bygda – like på bryggekanten. Hjå Kjetil Mehus på Fjordbris kan du få både mat og overnatting.
Fjordbris Hotell, Østhusvik v/Kjetil Mehus. Mob: 922 33 900
www.fjordbris.no

Sjøberg ferie – med si storslåtte panoramautsikt til øyane i Ryfylke.
Også dei tilbyr overnatting og servering.
Sjøberg ferie, Østhusvik v/Kai Risa. Mob: 900 46 1 18
www.sjobergferie.no

Ikkje langt frå klosteret, på Mosterøy, ligg Utstein Kloster Hotell
– med god utsikt til eit vakkert kulturlandskap.
Utstein Kloster Hotell, Mosterøy v/Heidi. Mob: 51 72 01 00
www.utsteinklosterhotell.no